Uke 51: Torsdag til mandag
Pris kr 2800–4700
Juleretreat med delvis taushet.
Jul på Sandom
Julehøgtida betyr mykje for dei fleste av oss.
Difor vil vi seie nokre få ord om korleis tenker vi oss ein retreat i denne tida. Utgangspunktet er at dette er ein retreat med vanleg dagsrytme og delvis taushet.
Noko av det fantastiske med retreaten er at den gjev oss rom og tid til å la julemysteriet krype innafor huda hos oss. Meditasjonstekstane vil invitere oss djupare inn i fellesskapet med den Gud som vart menneske.
På julekvelden vil programmet avvike litt frå vanleg retreatprogram. Vi deler fellesskap rundt pynting av juletre, julesongar, høgtlesning og feiring av midnattsgudsteneste.
Vi får ofte spørsmål om kva vi gjer i forhold til julepakkar. Og vår oppfordring er at dei vert att heime. Ta deg ei hyggestund før eller etter retreaten der du gler deg over gåver du har motteke.
Velkommen til Sandom i julehøgtida!